Copeman-imperiet
- heilt tilfeldig
Vyrde kong Nicholas den første foran imperiet, ein Eldiss Mistral GTX
Ei gang i tida var Nick Copeman ein heilt tilfeldig arbeidsledig, lågt utdanna mann med labre framtidsutsiktar som ikkje skilte seg nemneverdig frå andre. No er han konge. Og ikkje over kva for imperie som helst, men over eit av dei svært få mobile imperie i verda. Smånytt vil måtte påstå at det er det einaste i sitt slag - om ikkje nokon i lesarmassa gjer beskjed om anna.
Overganga frå å bu hjå foreldra og ha dystre framtidsutsikter i ein alder av 25 til noværande kongeleg status gjekk brått føre seg i løpet av ein ettermiddag då dåverande Nick Copeman og venen John Painter - kjent under namnet "Baby Face" - satt og kjeda seg. Eitav forslaga dei kom på for å more seg var å lage seg konglege namn. Babyfjes blei Right Reverend Baby Face Archbishop of Fantaberry og Nick Henry Michael Kong Nicholas - seinare utvida med "Chav-drepar".

Copeman-biografien. ISBN-13: 978-0091899202
Kongen og keisardømet blei ført presenterte for verda i 2003, og har siden skaffa seg ei ikkje heilt lite følgjerskare i Sheringham. Som næraste by til Beeston Regis Caravan Park - der Copeman-imperiet i regelen står parkert - er Nicholas den første ein ofte sett person i offentlegheita der. Hans majestet er kjend for å patronisere lokale bedrifter, og har gjort Roy Boy's Quality Curbside Cuisine til sin offisielle leverandør av hurtigmat. På eit tidspunkt blei han dog tvunge til å abdisere av misnøgde Sheringahm-bebuare, men situasjonen er avklart no og han har tilogmed oppgradert bubilen sin.
Livssitusjonen til majesteten er drastisk endra siden dei tidlege tjueåra, og han kan no leve ganske komfortabelt av inntektane frå sjølvbiografien sin kombinert med inntektane frå dei kongelige omvisningane i imperiet.