Fyrstedømmet Seborga
- eldste mikrostat i verda?
Seborga i forhold til Italia
Som imponerande mange andre mikrostatar, ligg Fyrstedømmet Seborga i Italia. Så vidt Smånytt veit, er dette den eldste mikrostaten i verda som framleis eksisterer - sjølv om nokre påstår det ikkje er meir enn ein vilkårleg italiensk kommune.
Seborga vart opprinneleg grunnlagt i 954, og var eigd av benediktinarmunkar. Statusen som mikrostat kjem etter eit sal av området 20. januar 1729 til Savoy-dynastiet sitt kongedømme Piedmont-Sardinia. Salet blei nemlig aldri registrert i offentlege arkiv. Seborga havna dermed i eit juridisk smutthol, verken eigd av benediktinarane eller Piedmont-Sardinia.

Sua Tremendità Giorgio Carbone
Historia gjentok seg sjølv i 1815, då Wien-kongressen gløymde å inkludere fyrstedømmet i si omfordeling av europeisk jord etter napoleonskrigane. Sjølv dokumenta etter den italienske samlinga i 1861 nemnar ikkje området. Dermed argumenterar seborgarane for at dei har vore ei sjølvstendig eining allereie i fleire hundre år.
Seborga som moderne mikrostat starta med Giorgio Carbone (seinare Hans fantastiskheit - Sua Tremendità) på tidleg sekstital. Den dåverande leiaren av den seborganske blomedyrkarunionen traff ei nerve i befolkninga då han minte dei på historia til plassen dei budde i. Innan 1963 hadde rørsla slått rot, og Carbone blei vald til statsoverhovud - dog utan formell makt. 25. april 1995 blei Seborga sin grunnlov vedtatt i folkerøysting med resultatet 304-4. Etter Carbone døde i 2009 var Marcello Menegatto vore fyrste, og lagt inn ein større innsats for å skape internasjonale relasjonar for Seborga. Til dømes har han fått audiens som statsoverhovud av den britiske dronning Elizabeth II.
Forhaldet til Italia er fredfyllt, og den seborganske fyrste har historisk eit godt samarbeide med ordføraren i den italienske kommunen Seborga. Innbyggjarane stemmar ved italienske val, og er avhengig av Italia for velferdstilbod. Mens staten - i motsetnad til mange andre mikrostatar -
har ein eigen hær i løyntnant Lt. Antonello Lacala er det Italia som står for valdsmonopolet.

Seborganske frimerker
Sjølv om livet i det moderne Seborga stort sett følgar norma satt i nasjonalmottoet "Sub umbra sedi" eller "sett deg i skuggen", har dei opplevd dramatikk under eit statskuppforsøk i juni i 2006. Den sokalla prinsesse Yasmine von Hohenstaufen Anjou Plantagenet kalte seg statsoverhovud, og innleia kommunikasjon med Italia om å selje dei retten til området. Dette kravet blei kontant avvist, både av dåverande fyrst Carbone og av Italia - som ikkje ville kjøpe noko dei meinte allereie eigde uansett.
Fyrstedømmet gjer ut pass og frimerker, og sjølv om desse ikkje er anerkjende av Italia kan passet nyttast til å reise inn i Seborga. I tillegg finnest valutaen Luigini, som er hyppig nytta innad i staten. Valutakursen er låst til den amerikanske dollaren, med 6 US$ per 1 Luigini, noko som gjer han til den mest verdifulle valutaen i verda. I tillegg aksepterar befolkninga Euro.
Fyrstedømmet har òg gjort seg gjeldande i populærkulturen. Ein av figurane i animeserien Hetalia Axis Powers representerar Seborga.