REPUBLIKKEN JAMTLAND
- om ikkje anna kan du klandre vikingene
Republikken Jamtland
Mange historieinteresserte har nok som Smånytt sin redaktør tilbragt mang ein kveld med å føre oppildna diskusjonar om korleis Jämtland og Herjedalen så skammelig blei fråvrista Noreg av svenskane i 1645. For desse vil kjennskapen til at også nokre av dei som blei igjen på den andre sida av grensa ikkje er nøgde med å vere svenske kunne vere til stor glede. Republikken Jamtland er rett nok ikkje skapt for å endre grensene mellom dei to statane, men delar av identiteten frå den gang kan bli funnen igjen den dag i dag.
President Yngve Gamlin
Moltas Eriksson, republikken sin andre president, viser til ei langvarig utvikling fram til republikken sin start. Frå 1950-talet vokste det fram ein irritasjon i den
jamtske befolkninga over Sverige sin sentraliseringspolitikk og den
aukande avfolkninga av området. Dette, samt ei språkleg
og historisk kjensle av å ikkje vere som resten av landet, utgjer
kjerna i Republikken Jamtland sin fødsel og vedvarande eksistens. Den avgjerande gnista kom med Sverige sitt ønske om å slå Jämtland saman med nabolandskapet Västernorrland.
De förenade republikerna Jamtland, Herjedalen och Ravund blei skipa av Yngve Gamlin og Björn Norström i 1963 samtidig med grunnlagginda av fridomsfestivalen Storsjöyran som per 2012 er bland dei eldste i sin sort i verda. Republikken si fridomsrørsle - Jamtlands Republikanska Armé - voktar folket og arrangerar kulturelle og politiske samlingar slik som paradar og leirbålsamlingar.

JRA-soldat
Republikken skildrar seg sjølv som "ett humoristiskt kultur- och marknadsföringsprojekt", og blir omtala som 51 prosent spøk og 49 prosent alvor. Republikken har som føremål å spreie og bevare Jamsk, trekke turistar til området og motarbeide avfolknina i dei svenske diskrikta.
Symbolikk er viktig for republikken, noko som blir reflektert i flagget. Dette blei skapt i 1983 av Bo Oscarsson og Kent Backman. Forma avvikar frå dei andre skandinaviske korsflagga siden historia går tilbake til lenge før kristninga. Blåfargen er for Jämtlands blå himmel, det kvite for Herjedalen sitt fjell og det grøne for skogane i Ragunda. I midten er det jamtske seglet gjett av Magnus Lagabøte i 1274. Særleg innen sporten er flagget populært. TIl dømes har den amerikanske fotballklubben Jamtland Republicans det som sitt eige.