Ingunn Røiseland
- Personleg frigjering
Ingunn Røiseland. Bilete frå Nettavisen.
I dei mørke vintermånadane i 2012 kom det ei ny stjerne på mikrostatshimmelen. Ingunn Røiseland, som inntil det punktet var norsk statsborger, leverte inn si sjølvsstendeerklæring og sitt brudd med den norske staten 16. november. Ho har dermed blitt ein av få mobile mikrostatar, og har slik gått inn i ein særs eksklusiv klubb som for det meste består av ho sjølv og det nesten like mobile Copeman-imperiet.
Ordførar i Skien, Hedda Foss Five, signerar på at ho har motteke Røiseland sine papir.
Etter sjølvstendeerklæringa blei publisert og Røiseland hadde levert frå seg pass og alle relevante norske identitetspapirar, har saka hennar blitt handsama av Utlendingsdirektoratet (UDI). Der har søknaden hennar blitt kontant avvist, til stor skuffelse for redaksjonen i Smånytt.
Kjetil Jacobsen frå UDI har i eit intervju med Dagbladet utdjupa om emnet. Han påpeiker at sjølv om Røiseland ikkje lenger har eit pass, er ho framleis norsk statsborger. Å levere frå seg papira endrer ingen ting, jamfør Jacobsen. I tillegg må alle som bur i Noreg, uavhengig av pass og statsborgarskap, halde seg til dei lovar og reglar som gjeld.

Røiseland har etter lausrivinga blitt ein omdiskutert figur i media, og artiklar om ho og saka hennar kan bli lest mellom anna her og her. Smånytt går ut i frå at dette merksemdsnivået ikkje er som problem å rekne for ein tidlegare forfattar for Nyhetsspeilet, Sjølv gjer ho uttrykk for å vere godt nøgd med merksemda, og fortel at ho har blitt kontakta av mange som støttar ho. Sjølvstendeerklæringa er rett nok avvist av staten, men det har ikkje endra Ingunn Røiseland si oppfatning, og ho fortsett som personleg mikrostat.