FUSA
- kommune, kunst og kongedømme
Fusakongen Morten Holmefjord
Det var i 2003 Morten Holmefjord og Fusa blei transformerte. Den første til Visekongen - eller Fusakongen bland vener - og den andre til Kongeriket Fusa.
Kongeriket blei skipa på Eide den 21. juni i eit samarbeide mellom Fusakongen sjølv og dåverande ordførar Asbjørn Heidal. Til saman skulle kongeriket eksistere i omlag to år, før det igjen blei omdanna til ein vanleg, norsk kommune.

Fusakongen og Fusaflagget
Fusa og Fusakongen blir omtala som eit kunstprosjekt, der visjonen var identitetsskaping og svekking av provinskjensla Fusakongen meinte å sjå i kommunen sin, uttalar majesteten sjølv i eit intervju med Bergens Tidende. Han styrte landet sitt med vitalitet,og berømmes for sin dedikasjon og ansvarskjensle, samt det å gjere Fusa kjent for omverda og gje innbyggjarane nokoe artig å snakke om.
Kart over kommunen
Fram til han vart konge, var Morten mellom anna student ved Kunstakademiet i Bergen. I tillegg har han lang tids erfaring med offisiell statsrepresentasjon som visekonsul for Imperial Federation of Democratic Princepaleties and Republics, ein forbundsstat frå 1903 som er umuleg å finne på verdslege kart. Kartografi er nemlig etter sigande ein svindel, og representerar ikkje røynda.
Som ein del av sitt kongevirke, lanserte Morten den fusiske mynteininga kruna, som er låst på 1:1 NOK, det fusiske passet og han delte ut heiderstitlar til menneske som hadde gjort seg fortjente til det. Frank Aarebrot er eit eksempel på ein mykje mediaomtala æresfusing.
Der endelege endeliktet på kongedømmet kom 12. september 2005, då ei folkerøysting om rikets framtid enda med 57,8% i favør av nedlegging. Fusakongen avslutta sitt virke med å sleppe krona si ned i fjorden og emigrerte til Uruguay.