Republikken Molossia
- ein kjempe bland mikrostatar
Det molossiske flagg
Om enn ikkje ruvande i geografisk storleik, er Molossia blant dei meir synlege av mikrostatane. Republikken stammer frå Storrepublikken Vuldstein som blei grunnlagd 26. mai 1977 og vart styrt av Kong James 1. og statsminister Kevin Baugh.
I statens spede barnestadie var han uten fast territorium og endra både nasjonsoverhovud og namn. Kongen blei inaktiv etter eit år, og det dåverande passivkonge-kongeriket blei kalt både Kongeriket Edelstein og Kongeriket Zaria i løpet av kort tid. Republikken Molossia slik han finnest i dag blei danna 21. februar 1999, då republikken brøyt ut av Utopias Sameinte Provinsar, som dei hadde vore ein del av siden juni 1998.

Valutaen er basert på pokerchippar
Med ein samanhengande eksistens siden 1977, er Molossia bland dei eldste mikrostatar i verda, og blir saman med statar som Sealand og Seborga rekna som kjempar i mikrostatsverda. Siden 1999 har staten vore plassert i USA, og er tilstrekkeleg akseptert til at han ikkje betaler skatt til Sambandsstatane. Med eigen valuta og postteneste samt eigne pass- og visumreglar er det ikkje mykje presidenten kan førestille seg å trenge USA til. Helsetilbodet består av eit førstehjelpsskrin, som er gratis og fritt tilgjengeleg for alle dei seks registrerte innbyggjarane i staten.
Mange myter eksisterer om Molossia. Til dømes har funnet av ein kinesisk mynt frå Ming-dynastiet ført til spekulasjonar bland landets historikarar om det i røynda er så at området var vitja av kinesiske oppdagarar i 1421. I tillegg påberopar staten seg bevis på at det mytiske Beast Glatisant frå legenda om Kong Arthur har vore innom landet på si flukt frå dei arthuriske riddere.

President Kevin Baugh
Som ein føreværande mobil stat er det ikkje overraskande at Molossia heller ikkje i dag er begrensa til eitt område å eksistere på. To koloniar har blitt danna - Harmoniprovinsen og Protektoratet Nye Antrim. Sistnemnde har blitt gjett sjølvstende og er ikkje lenger ein del av Molossia sitt territorium. Harmoniprovinsen er derimot tett knytta til moderstaten, og inneheld kongefamilien si hovudresidens. I tillegg legg Molossia krav på Vesperia på Venus og Neptun-djupet i Stillehavet.
Alt har dog ikkje alltid vore fryd og gammen i Baugh sitt rike. Krigen med Aust-Tyskland hadde i skrivande stund foregått i 10.419 dagar uten å vise teikn til å gå over. I tillegg har staten vore involvert i fleire - heldigvis avslutta - kriger.
Sett bort i frå den austtysk-molossiske konflika, er tilstanda stort sett roleg og staten på trygg grunn. Turismen er stadig aukande, og Molossia har p.t. oppmot ti vitjande per år. Sjølv om det herskar strenge reglar for statsborgarskap, er det å besøke landet for det meste uproblematisk.