_Kugel Mugel
Kugel Mugel - hus eller stat?
Den kuleforma mikrostaten fortsettar å hisse på seg øvrigheita sjølv fleire tiår etter si skaping.
Det kugelmugelske nasjonalflagg
_Då Kugel Mugel
vart grunnlagt i 1984 møtte staten og grunnleggjaren Edwin
Lipburger-Kugelmugel verda i ein storm av merksemd og oppskjørta
kommentarar i media. Næraste nabo og argaste motstandar - den
Austerrikske stat - meir enn ymta frampå påstandar om at staten blei
fødd som ein protest mot at Lipburger-Kugelmugel hade vanskar med å få
godkjent byggeløyvet for det kuleforma huset sitt. Påstanda blei kontant avvist av statsoverhovudet, og konflikta som fulgte blei hissig.
I dag er Kugel Mugel folketom, og presidenten sjølv bur i eksil i Austerrike. Landet har endt opp som ein turistattraksjon for turistar og viennarar på parkvandring, og inngjerda av piggtråd. Denne avskrekkinga til tross, sjølve staten er enkel å kome seg til, og ein treng ikkje gjennomgå nokre formalitetar verken på kugelmugelsk eller austerriksk side for å kunne
bevege seg langs grensene og sjå inn.

Kugel Mugel i dag.
Sidan skapinga i 1984 har Kugel Mugel endra plassering på kartet både hyppig og drastisk, og har no endt opp bak eit piggtrådgjerde i 2, Antifaschismusplatz i Wiener Prater i Wien. Dramatikk i mange formar har prega Kugel Mugel si historie, og per i dag er det ingen av landet sine ei gong fleire hundre registrerte innbyggjarar som bur innanfor statsgrensane. På eit tidspunkt var hundre prosent av innbyggjarane arresterte, noko som nok er blant dei høgaste prosentdelane i verda. Situasjonen løyste seg då Lipburger-Kugelmugel blei sluppet ut av fengsel etter å ha blitt satt inn for å nekte å betale skatt til den austerrikske stat då den austerrikske presidenten sjølv benåda han av det han syntes historia var festleg.