Republikken Minerva
- fridom til folket!
Oversynskart: Republikken Minerva
Land som ikkje ligg minst éin fot over vatnet til alle tider kan ikkje leggast krav på og er heller ikkje ein automatisk del av territoriet til den nærmaste staten. I tillegg kan ein gjere krav på område ikkje nytta av andre om ein beviseleg har gjort seg praktisk nytte av dei sjølv over ei viss tid. Dette var smutthola Michael Oliver prøvde å nytte då han i 1972 skapte Republikken Minerva på Minerva. Dei to atollane Minerva utgjer - så kalla etter at skipet ved same namn forliste der - forsvinn nemlig under vatn ved flo. Eigendomsmillionæren Oliver via syndikatet Ocean Life Research Foundation ønska å starte eit libertariansk paradis på atollane - utan skatt, velferd eller andre inngrep frå ein brysam stat. Oliver øyna sjansen og utstyrt med eit skip og eit par lass med sand bygde han og nokre andre visjonære opp høgda på øyane nok til at dei nådde det påkrevde nivået. Eit avgjort praktisk navigasjonstårn for eventuelle fiskarar i området blei sett opp, og Oliver gjorde krav på atollane som sine eigne 19. januar 1972.
Minerva fekk omlag ein månad til å klargjere verda for sin eksistens. 24. februar same år deltok Minerva på eit møte med dei andre statane i området. Dei fleste andre statane gav ikkje uttrykk for å vere nemneverdig engasjerte i sin nye nabo, unntatt Tonga. Tonga reagerte derimot kraftig, og gjorde krav på området med den grunngjevinga at det i utgangspunktet var deira. Dei fekk støtte frå dei andre, og kva Oliver og Minerva sin nye president Morris C. Davis meinte om saka vart ikkje tatt omsyn til.

Minerva sitt statsflagg
Tonga kjennar atollane som Teleki Tokelau og Teleki Tonga og tonganske fiskarar har lenge nytta området til fisking. Det er i alle fall det kong Taufaʻahau Tupou IV erklærte i si offisielle avvising av landkravet den 15. juni 1972. Kongen, politivesenet og fleire offisielle figurar reiste til det omstridde området for å formelt vise at det var deira.
Historia endte brått men fredfyllt - dels fordi innbyggarane på Minerva ikkje i stor grad forsvarte seg, dels fordi havet i stadig større grad var begynt å krevje tilbake området. Ei viss tid etter levde Minerva sitt krav vidare. I 1982 blei det på ny gjort krav på området, krav som blei kontant avvist. Den nyaste utviklinga er at Fiji har vist interesse for området og i 2005 leverte ei ansøkning til Den internasjonale havbotnautoriteten om kontroll over territoriet. Tonga har, ikkje overraskande, levert eit motkrav.