Redonda
- fakta eller fiksjon?
Flagget er Redonda bestemt på, i alle fall.
Kongeriket Redonda er eit usikkert konsept. Om det faktisk var meininga nokon skulle tru på kravet er det vanskeleg å vite, men sagt er sagt og Smånytt er herved engasjert.
Påstanda om at riket finnest blei ført satt av Matthew Phipps Sheil - som erklærte seg kong Felipe - i 1929. Kongeriket ligger i Det karibiske hav, mellom Montserrat og Nevis, og påstas av nokon å vere ein del av Antigua og Barbuda.

Kong Felipe med si kone Carolina
Ein av årsakane til at ein er litt usikker på kva det er som foregår er at Shiel var ein science fiction-forfattar som kom med statserklæringa som ein del av eit framstøt for å reklamere for gjentrykkinga av nokre av sine tidlegare verk - og at det aldri blei klart om han berre ville ha merksemd. I tillegg er det ikkje sikkert om det faktisk var dette som var den første ganga kravet blei fremja, eller om det var Sheil sin far som gjorde det ved sin son sin fødsel for å markere familieauka. Det hjelper nok heller ikkje at John Gawsworth, ein av dei tidlegare kongane, solgte tittelen videre til fleire personar ved fleire høve - for å bøte på eit heller akutt og kronisk pengebehov. Forvirringa har fortsatt, til ein i dag ikkje er heilt sikker på verken kven som er kongen, kor mange kongelege det er eller korleis kongerekka ser ut.
I 1967 blei arverekkekonroversen forsøkt avslutta av Robert Williamson - seinare Skalla-Robert av Redonda. Han la til land på øya med 62 undersåtter, planta sitt flagg og haldt ein oppflammande tale til forsamlinga. Dette var ikkje nok for å få ordna opp i kven som styrer kva, men det var tilstrekkeleg til at BBC radio 4 fatta såpass interesse for området at dei lagde radioreportasjen Redonda: The Island with Too Many Kings i 2007.

Kart over Redonda
Blesten har aldri blitt særlig sterk rundt kongedømmet utenom den rett nok ganske store flokken statsoverhovude som finnest. Det heile blir tatt med ei humoristisk klype salt, og eksistensen har sjelden blitt tatt meir alvorleg enn av kong Javier den andre - ein av dei mange samtidige med kong Robert - når han uttrykte at "The legend is and should remain a pleasing and eccentric fairy tale; a piece of literary mythology to be taken with salt, romantic sighs, appropriate perplexity, some amusement, but without great seriousness. It is, after all, a fantasy".
Det næraste dei har komme internasjonal anerkjenning er når eigaren av puben The Wellington Arms i Storbritannia forsøkte å bli den redondiske ambassada i England for å unngå det nyinnførte røykeforbudet i landet. Pubeigar Bob Beech er sjølv riddar av Redonda og er ein av dei få som har satt sin fot der. Diverre blei planane avvist av det britiske utanriksdepartementet som nekta å gje puben status som ambassade til ein stat dei ikkje anerkjenner.