POYAIS
- nervar av stål, samvit av luft
Gregor MacGregor, 1874
Kva gjer du når alle dine grandiose planar om herredømme og respekt fell til grunnen? Tek lærdom av det heile, eller skrur opp intensiteten eit par hakk og fortsett like fullt?
Gregor MacGregor gjorde sistnemnde, og segla soleis inn i mikrostatshistoria med brask og bram.
Etter å raskt ha klatra i gradane i Den britiske hæren, flytta han til Sør-Amerika og slo seg til rette der. Kva han bedreiv tida med skal ikkje Smånytt spekulere i, men han avslutta affæra med følgjande ettermæle av ein av sine samtidige: "I am sick and tired of this bluffer, or Quixote, or the devil knows what. This man can hardly serve us in New Granada without heaping ten thousand embarassments upon us."

Kart over Poyais
Etter eit feila forsøk på å bygge staten Republic of the Floridas på Amelia-øya i noverande Florida i 1817, dro Gregor til London i 1820. Bak seg hadde han ei lang rekke nær utrulege eventyr, deribland falske påstandar om ¨å vere familieoverhovudet i klana MacGregor samt skipinga av dei første papirpengane i Florida. Felles for mykje av det, var at det ikkje gjekk.
Upåvirka av dette, gjekk Gregor vidare i det som i ettertid kan virke som eit prosjekt for å vise seg som stålnervemannen. I London kom krona på verket, og han lanserte seg sjølv som øverste høvding og casique av ikkje-eksisterande Poyais, tilsynelatande i Mosquito i noverande Honduras. Eit rikt land med landprisar låge nok til at fattige arbeidarar England over kunne kjøpe seg ei lys framtid.

Poyais sitt flagg
Gregor solgte landrettar til fleire hundre stykker og tjente ein formue på den tida det tok rapportar frå dei få overlevande frå dei tidlegaste koloniskipa å komme tilbake til London. Ikkje berre solgte han skjøter, han solgte òg reisehandbøker og veksla britisk valuta til poyaisisk.
Ikkje uventa blei det oppstyr i media når svindelomfanget blei kjent, og hovudpersonen tok med seg kone og born og rømte til Frankrike. Der han gjorde det same på nytt, og tjente endå ein formue.
Han blei til sist tatt for retten, men etter fleire rettssakar endte han opp med berre ei veke bak murer og knapt ein bulk i omdømmet. Svindelen fortsatte, dog no med litt mindre omsetning enn før. Han forstsatte å selje skjøter til 1837, med kun minimale følger - om nokon.
Meir om historia kan bli funne i David Sinclair si bok "The land that never was"