TOWN LINE, NEW YORK
- dei siste konføderate
Kart over Town Line, New York
Kjenslane var varme og meiningane polariserte under Den amerikanske borgarkrigen som herja USA i åra 1861 - '65. I Town Line, New York, langt i frå den næraste sørstaten, demonstrerte dei si konførderasjonalle tilhøyre med å melde seg ut av unionen sist i 1861 med 85 røyster for og 40 mot.
Boka "New York: a guide to the Empire State" gjer uttrykk for at dette var grunna misnøye med leiarskapet til President Lincoln.

Sjølvstendeerklæringa hendte her.
Det påstås at innbyggjarane var negative til nordstatspolitikken, og heller identifiserte seg med Sørstatane. Fem av bebuarane meldte seg óg til teneste i den konføderære hæren.
Men situasjonen kan vise seg meir kompleks enn som så. Mens det kan vere lett å tenke at Town Line meldte seg ut av Unionen grunna meiningar om slaveri, er sanninga gjerne ikkje like enkel. Avstanda til den næraste slavestaten er stor, og innbyggjarane var for det meste immigrantar frå land uten slaveritradisjonar. Inga nedskrevne vitnesbyrd eksisterar heller, så den faktiske årsaken til hendinga er ukjend.

Stars and Bars, konføderasjonsflagget anno 1861
Eksistensen av den konføredate enklava i Nordstatane blei raskt bløymd, og blei først kjend igjen i 1945 då lokalavisa trykte ein artikkel om det - til stor overrasking for innbyggjarane som til då hadde trudd dei budde i USA.
Town Line er ikkje den einaste enklaven av denne sorten. Både Vicksburg i Mississippi og Dade County i Georgia gjekk over til sørstatane si siden under krigen, og meldte seg først inn igjen etter andre verdskrig i 1945. Men i Town Line var situasjonen meir komplisert. For hadde dei eigentleg lyst til å melde seg inn igjen? Faktisk ikkje. Når dei no først var gjort merksame på sin mikrostatsstatus som dei siste gjenværande konføderate i verda, var vilja til å bli berre ein tilfeldig småby liten.
Ikkje uventa skapte dette ei viss oppstand. Tanken på eit levande, konføderat miljø midt i dei nordlegste nordstatane var ugrei for den jamne yankee. Sterkt press frå omverda fulgte, tilsynelatande uten effekt. Det tok eit fredsbrev frå President Truman sjølv før Town Line til sist gjekk med på å ha ei folkerøysting om saka, på den same plassen der dei tidlegare hadde meldt seg ut. Sluttresultatet blei 90-23 for samanslåing og den 26. januar 1946 blei dei atter ein del av staten New York. Town Line som stat lev no mest som eit artig minne for folket og gode salssjansar for dei lokale suvenirbutikkane.