Kva er ein mikrostat?
Frank Zappa
"You can't be a real country unless you have a beer and an airline. It helps if you have some kind of a football team, or some nuclear weapons, but at the very least you need a beer. "
- Frank Zappa
- Frank Zappa
For dei bevandra i samfunnsfag er diskusjonen om kva som utgjer ein stat ein velkjent travar, like uhjelpeleg uløyseleg som nokon gong. Zappa sitt løysingsforslag er eit godt eit, men likevel for snevert for føremålet. Definisjonar som går på at dei må vere aksepterte av andre statar, blir så sirkelforma at dei fleste fell av etter eit par rundar. Likevel eksisterar dei, frekt og freidig nærverande og uten synleg uro over at dei forvirrar andre.
Montevideo-konvensjonen om "staters rett og plikt" frå 1933 visar til fire kriteria som må oppfyllast for å få tittelen stat, nemleg definert territorium, eigne innbyggjarar, ei regjering og relasjonar med andre statar.
Ikkje noko som ikkje kan lagast i din eigen bakhage, med andre ord.