Nothingness i Martindale i Texas
- det berre blei sånn, eller: direkte demokrati må aldri slå igjennom
Bilete frå Martindale
Tidleg i januar 2010 blei bloggaren The Bloggess - Jenny Lawson - gjort merksam på at ho var nominert i Shorty Awards-konkurransen for beste regjeringstwitterkonto. Ho blei særs populær, og fekk hundrevis av røyster av sine blogglesarar og dei som følgjer @thebloggess på Twitter.
Premiedraumen blei knust då Shorty Awards ein dag før røystinga skulle avsluttest blei klår over at ho ikkje var ei regjering, og trakk nominasjonen hennar. Smånytt støttar Jenny fullt ut i hennar snurte kjensler etter dette.

Kroninga av tsaren av Nothingness.
Heldigvis ligg det ofte ein sjanse open for folk vel verserte i sosiale media. Lorain Harrison, ordførar i Martindale i Texas kom ho til unnsetning. På ein konferanse om korleis påverke verda gjennom nettopp sosiale media erklærte ordførar Harrison Jenny Lawson Tsar av Nothingness i Martindale. Der skulle ho herske, kun underlagt tsaren av tsarar, katten C. C.
Ho vann ikkje konkurransen, men kva er vel ein twitterpremie mot ein tsartittel? Lite, spør du Smånytt.
Høyr The Bloggess bli intervjua om saka her.
Ho vann ikkje konkurransen, men kva er vel ein twitterpremie mot ein tsartittel? Lite, spør du Smånytt.
Høyr The Bloggess bli intervjua om saka her.