LUCKY NÆROSET
- alt blir betre med litt kreativitet
Kart over Lucky Næroset
Lucky Næroset, med slagordet "midt i væla!!" er ein manifestasjon av kampen for nærskular tatt til nye lengdar. I perioden 1999 til 2008 var skulekrinsen til Fagernes skole i Ringsaker så aktivt engasjert i skulen si framtid at dei erklærte seg eigen stat. 28. november 1999 klokka 14.14 starta eventyret som til slutt redda barneskulen.
Hans Christian Medlien
Primus motor i statsskapinga er Hans Christian Medlien, krusedullfilosof og fremjar av tanken om at kreativitet og inspirasjon finnest i alle om dei berre slepper det til. Han haldt sjølv fleire ministerpostar i staten, der inkludert fantasiminister, med hovudsetet i det fire etasjer høge tårnet "De utenkte tankers tårn". Lucky Næroset rakk å skape liv og røre i si levetid, både i og utanfor eigne grensar. Med livsfilosofien «Det Lucky Vei», om korleis du via å bevege og begeistre kan få gode ting til å skje, har staten satt sine definitive spor etter seg. Til dømes fekk innbyggjarane samla inn midler til skulen Lucky School i Sierra Leone i samarbeide med Plan. På det nærare nivå skapte dei blest om Næroset, arbeidsplassar i kommunen og ikkje så reint lite lokal kryheit over fristaten og innbyggjarane sine evner.