_
Vevčani/Вевчани
_
- ein stat eller eit reklamestunt?
Oversynsbilete av Vevčani i forhold til Makedonia (FYROM)
_Den uavhengige republikken Vevčani ligg i det sørvestlege hjørnet av
Makedonia (FYROM), hendig plassert like ved den berømte Ohrid-innsjøen
og enkelt tilgjengelig via buss og drosje frå både Ohrid og Struga. Blant skeptikarar finnest dei som hevdar at Vevčani ikkje er anna enn eit reklamestunt, skapt for å få turistar til å komme til ein ellers ganske utanforliggjande landsby.
Gnista til å lausrive seg frå dåverande Jugoslavia seiest å ha kommen frå tida under Вевчански случај/Vevčanski Slučaj eller Vevčani-krisa som fann sted mellom 26. mai og 7. juni 1987 då innbyggjarane gjorde opprør i protest mot sentralmakta si avgjersle om å legge den berømte Vevčani-straumen i røyr til Struga. Då Makedonia blei ein uavhengig stat i 1991 greip den vevčanske befolkninga sjansen og haldt ei folkeavrøysting om dei skulle bli med Makedonia (FYROM) eller danne si eiga eining. Makedonia var for oppteken med eigen uavhengigheit til å bry seg stort med landsbyen si avgjersle, og kva ein tenkjar om dette på statleg plan er enno ikkje fastsett. For Vevčani sin del ser dette ikkje ut til å vere så viktig, og den hovudsakleg kristne staten har gode relasjonar med sine for det meste muslimske naboar.

Vevčani sitt nasjonalflagg
Sjølv om staten sine utanrikspolitiske relasjonar stort sett er rolege, har dette ikkje alltid vore høvet. I tillegg til Vevčani-krisa og oppstyret rundt den, blei staten utsett for endå ei prøvelse i 1997 då ordføraren Vasil Radinovski blei arrestert. Hendinga førte til stor oppstandelse og folkeprotestar fram til han blei lauslatt etter ein sveltestreik.
Vevčani opplev størst turisttilstrauming under Vevčani-karnevalet kvert år den 13.-14. januar. Karnevalet har ei historie tilbake til 1300 eller 1400-talet og opnar med ein konsert på torget, før paraden morgonen etter. I denne perioden er gatene tette av folk i særs kreative kostymer. Ellers markerar landet seg som eit naudsynt stoppested for mynt- og frimerkeinteresserte. Den nysgjerrige kan få letta sine sorgar og auka si kunnskap
om staten ved ganske enkelt å spørje dei.