LADONIEN
- livet imiterar kunsten
Kart over Ladonien
Mens mange nok har høyrd om Herkules og hans eventyrlege ferd for å oppfylle Zeus sine krav, er det ikkje så mange som har fått med seg at ein av bieffektane av dette framleis finnest i ein ganske så manifest form. Nemlig området kjent som staten Ladonien og som kan bli vitja i løpet av ein tur til Sverige.
Jamfør staten sin offisielle grunnleggingsmytologi begynte tida - og dermed Ladonien - då dragen Ladon som vakta dei gyldne eplane av udøydelegdomen blei drept av nettopp Herkules. Siden då har verda vore ein kamp mellom to sortar, den døydelege og den udøydelege.

Lars Vilks, grunnleggjar av Ladonien
Ei kanskje meir praktisk orientert men definitivt meir keisam grunnleggingshistorie kan vi finne i Lonely Planet si bok Micronations. Der heiter det seg at staten blei skipa som eit resultat av at Sverige - naboen som grensar til Ladonien på alle kantar - ville rive eit av kunstnaren Lars Vilks sine verkar.
Nemnde kunstverk går under namnet Nimis, som er latin for "for mykje" og består av omlag 75 tonn drivved. Sverige meinte dette var bolighus og dermed burde ha hatt eit byggjeløyve før det blei oppført. Hus uten godkjenning må vekk, og dermed vart det kroken på døra for Nimis.
Eller, det kunne ha vore kroken på døra, hadde ikkje Vilks vore ein fullt så bestemt mann. Han ikkje berre nekta å rive verket, han solgte det til Christo, artisten kjent for å pakke store ting inn i tøy og få mykje, mykje mediaomtale for det. Om lag samtidig omforma Nimis og det næraste området rundt seg til staten Ladonien.

Nimis
Av ukjende årsakar fekk Ladonien bli og Nimis blei ikkje innpakka. Eitt kunstverk blei til fleire med introduksjonen av steinskulpturen Arx og den seinare fjerna Omfalos - som har blitt erstatta av ein åtte centimeter høg miniatyrtributt til seg sjølv.
Siden den gang har Ladonien for det meste eksistert som eit felleskap av nomadiske kunstnarsjelar som møtest ved spesielle høve. Dei har ein felles valuta, Ørtugen, som ligg jamt på 1:10 med den svenske krona.
Landet har òg eit flagg som er til forveksling likt det libyske flagget under Gaddaffi. La deg dog ikkje lure, det er ein vesentleg forskjell mellom dei to. Ladonien sitt er nemleg grønt med eit grønt skandinaviskinspirert kors.