Fyrstedømmet Sealand
- Ned med etablissementet!
Oversiktsbilete: Fyrstedømmet Sealand
Fyrstedømmet Sealand - The principality of Sealand - er for dei fleste inngangsporten til den spennande verda mikropatrologien tilbyr og er med sin standhaftige eksistens gjennom lengre tid enn dei fleste franske republikkane eit fast innslag i dei fleste pubandekdotar om emnet. Etter si grunnlegging i 1967 har det gang på gang markert seg i internasjonale media og skapt oppstuss over si politiske linje.
Og kva er så denne politiske linja? "Personleg fridom" vil kome med i dei fleste skildringar av han, saman med eit avsnitt eller to om ei motvilje mot å blindt lyde dei etablerte sanningar. Frå piratradio via bestemt forsvar av eigne grensar og sjølvråderetta til fristad for fildelingsservarar saman med HavenCo er den raude tråden klår og tydeleg - og bringer med seg eit oppkomme av situasjonar vel verd å undersøkje nærare.

Det sealandske statsflagget.
Fyrst Roy starta løpebana mot sitt kongelege virke då han i 1965 oppretta piratradiostasjonen Radio Essex frå Knock John Tower like utanfor dei territorielle grensene til Storbritannia. Via tapet av fleire rettssakar endte han saman med Ronan O'Rahilly opp med å flytte bedrifta til den plattforma Fyrstedømmet no er på i 1967 - same året som bruk av slike plattformer til radiosendingar blei forbode. Litt over to veker etter loven kom i virke forvandla Fyrsten dåverande Rough Tower til Fyrstedømmet Sealand 2. september 1967 og historia skøyt fart.
Blant dei tingane som gjer Sealand så unikt er nemleg at til forskjell frå dei fleste andre mikrostatar så har det gjentatt de facto anerkjenning av andre, veletablerte statar. Første gang var då Den britiske stat erklærte at dei ikkje ville leggje seg opp i at Fyrsten hadde skote mot ein inntrengar av det at plattforma låg utanfor deira territorium. "This is a swash buckling incident perhaps more akin to the time of “Sir Francis Drake” but it is my judgment is that the UK courts have no jurisdiction." sa dommaren, og saken var avgjort. Denne konklusjonen la grunnlaget for Sealand sin vidare eksistens, og satte i gang ein aktiv prosess der våpenskjold, flagg og nasjonalsong blei etablert.

Sealand og Storbritannia
med gamle og nye territorialgrensar.
Andre og tredje gang kom etter eit statskupp av ein av dei tidlegare samarbeidspartnarane - Achenbach - prøvde å ta kontroll over staten og kidnappa Prins Michael av Sealand. Prinsen blei redda etter nokre dagar, og Achenbach endte opp som fange, anklaga for forræderi. Storbritannia viste til den tidlegare avgjersla om at dei ikkje hadde noko med Sealand å gjere og gav dermed staten si andre de facto anerkjenning,
Siden Achenbach var tysk og medhjelparane hans nederlandske, blei desse to landa involverte i prosessen og prøvde å få sett fangane fri. Ein tysk diplomat inngjekk samtalar med Fyrsten, og staten hadde dermed tre gangar blitt anerkjende av til saman to land. Men det var ikkje over så lett. Achenbach meinte seg den rettmessige leiaren av Fyrstedømet, og eksilregjeringa finnest framleis i Tyskland der det parallelle Sealand styrest av sonen hans. Smånytt legg seg ikkje opp i politiske spørsmål og påpeiker at det hadde vore mykje meire informasjon om Achenbach sitt Sealand hadde nettsida deira vore meir navigerbar.

Det offisielle
våpenskjoldet.
Siden den gong har Sealand ikkje vore prega av ein like tett bruk av våpenmakt. No er stemninga roleg, og staten forbindast mest med piratkopiering - i godt samsvar med sitt radiostasjonsopphav. HavenCo inngjekk eit samarbeide med Prins Michael i 2000 om å ha eit sett servere på staten sitt territorium for å unngå opphavsrettsreglar og å fremje informasjonsspreiing. Dette fungerte dog ikkje så godt som håpa, og forbindinga er avslutta. Kvifor, spør ein seg - ein stat grunnlagt på ein piratradiostasjon burde jo ha mykje til felles med ein teneste for piratnedlasting. Smånytt kan ikkje svare anna enn at den engasjerte lesar nok burde spørje Fyrst Michael sjølv.
Håpet om internasjonal anerkjenning lev vidare i eit Sealand mykje roligare enn før. Noverande statsoverhovud er Fyrst Michael og mesteparten av merksemda kjem frå pubanekdotesøkande folk som Smånytt sin redaktør, mynt- og frimerkesamlarar og dei interesserte i å bli ein del av den sealandske adel for å ha noko å skryte av - kanskje på klassegjenforeningsfestar. Framtidige opptredenar av Fyrst Michael ligg likevel latente i horisonten etter at eit lands territorialgrense har blitt kraftig utvida frå grunnleggartida, og Sealand no legg krav på delar av det sydlege England. Inntil då får dei engasjerte nøye seg med å følgje dei sealandske sportsutøvarar i deira merittar.