Roseøya
- håpet over horisonten
Oversiktsbilete: Roseøya
Roseøya, eller Esperanta Respubliko de la Insulo de la Rozoj er det eneste landet unntatt Atlantis som har blitt fullstendig fjerna frå jordas overflate. No er restane skjult i havet, synleg berre for sporadiske tilreisande frå dykkarskulen Diveplanet på det italienske fastlandet. Eit stort slag for esperanto-rørsla, som no ikkje er offisiellt språk i nokon land. Og for Rimini, den næraste fastlandsby og potensiell storinntjenar av turistinntektar. Etter berre 55 dagar blei staten øydelagt av det den tidlegare presidenten snertent karakteriserer som den einaste krigen Italia nokon gang har vunne - sjølv om det tok dei eit par forsøk.
Roseøya sitt flagg.
Ingeniøren Giorgio Rosa er opphavet både til statsnamnet og til staten sjølv. Trøtt av italienske papirmøllar og lysten på å eksperimentere med byggestrukturer sette han i 1967gang bygginga av ein plattform like utanfor det italienske fastland. Då italienske myndigheiter sette seg på bakbeina og viste til at delar av plattforma stod innafor deira territorialgrense, svarte Rosa med å erklære sjølvstende 24. juni 1968.
Sjølvstendet skapte stor interesse bland befolkninga i Rimini, og staten blei raskt populær. Spesielt den gode utsikta blei merka, og det å sitte og sjå på han blei for mange eit av hovudtidsfordrivet under vitjinga.

Eit dramatisk endelikt for Roseøya
Å plutselig ha ein aspirerande stat utanfor stuedøra opprørte den italienske øvrigheita, og spørsmålet om korleis dei skulle handsame saken blei tatt opp til diskusjon i nasjonalforsamlinga. Utfallet vart negativt for Roseøya sin del, av tre årsaker. Den første var frykta for konsekvensane av det å opne det som i praksis var antatt å ville bli italiensk territorium uten å kunne vente skatteinntekter frå det. Den andre var frykta for at plattformen kunne nyttest som base for NATO og den tredje at han kunne ende opp som base for destabiliserande operasjonar under den kommande lausrivinga av Albania frå Warsawa-traktatet.
På sitt høgdepunkt hadde staten ein pub og ein restaurant, og tok imot fleirtallige besøkande. Dei hadde gjett ut eigne frimerke og namngjett om ikkje trykka valutaen Mill. Sjølv om eit kasino var planlagt, var den mest populære aktiviteten i mikrostaten i følgje Rosa å sitte og kikke på båtane i solnedgang medan ein tok seg ei kald øl. Ein dokumentar om staten kan sjåast her.