Filettino
- hald deg unna grensa mi!
Filettino i forhold til Italia
I august 2011 vedtok den italienske regjeringa at landsbyar med under eitt tusen innbyggjarar skulle slå seg saman med nabobygdane sine. Filettino, ei bygd med folketal på 544 skulle dermed bli eitt med naboen Trevi. At det å komme frå nettopp nabobygda reknast som ei grov fornærming i Filettino, tenar som ein illustrasjon på kor nøgde dei var med denne nye lova.
Få veker etter avgjersla vart tatt i nasjonalforsamlinga, svarte Luca Sellari, ordførar i Filettino, med å erklære sjølvstende. Etter ei folkerøysting bland innbyggjarar og sommarhuseigarar i den populære turistbyen blei det avgjort med 710-1 at Charles Taormina skulle bli prinsregent av den nyklekka staten.
Så langt har Filettino markert seg kraftig i politiske demonstrasjonar mot samanslåinga, også i sjølve Italia. Å styre dei små regionane kostar ikkje meir enn maten på møtane til nasjonalforsamlinga per år, seier dei, og visar til eit openbart punkt å kutte kostnadane med å styre eit økonomisk pressa Italia som dei meiner hadde ført mykje mindre vondt med seg.