Picture
Våpenskjoldet til Imperial Commenwealth
At Inter-Micronational Treaty Organisation skulle falle saman sist veke kom ikkje berre som ei overrasking, men òg som ei kjelde til uro for mange. Korleis skal mikrostatssamarbeidet kunne fungere, når dei samlande organisasjonane blir oppløyste?

At Smånytt i dag kan bringe informasjon om at også League of Countries opplev dramatikk i medlemsmassa, bidreg ikkje til å roe nervane. Organisasjonen blir anklaga for å vere leia av barslege, useriøse nasjonar - handdukkestatar uten framtidsutsikter - av Imperial Commonwealth. Denne kraftsalva bunnar i påstått sensur av tsaren frå organisasjonen si side, ei handling ikkje tatt godt imot av den sensurerte.

Ordvekslinga går føre seg i fleire fora, og stemninga er særs spent. Smånytt kryssar fingrane for at denne diplomatiske krisa blir løyst på ein fredfyllt måte så rskt som muleg.

For fleire detaljar, kan lesaren sjå Imperial Commonwealth sin Twitter-konto - eit utsnitt er gjengjett under - eller diskusjonssida til OAMicro Forum.

Picture
CommiCzar - altså Imperial Commonwealth - sparar ikkje på kruttet i demonstrasjonen av sin avsky.
 
Etter Lostisland si dramatiske utmelding av handelsunionen Inter-Micronational Treaty Organisation har det herska stor spenning rundt spørsmålet om korleis det ville gå med dei. Midt i stormauget er det mykje som kan hende ein liten stat. Heldigvis for Lostisland ser dei ut til å gå styrka ut av konflikta som førte til IMTO si nedlegging - dei seinare dagane har dei inngått venskaps- og samarbeidsavtalar med tre nye mikrostatar. Desse er Flandrensis, Pristinia og nå den nylegaste nemlig Indokistan.

Smånytt pustar letta ut, ønsker lykke til på ferda til alle dei involverte og ventar spent på kva som skal erstatte IMTO.
Picture
Lostisland sitt flagg.
 
Picture
Yaroslav Mar - stormens auge.
Den internasjonale mikrostatshandelsorganisasjonen Inter-Micronational Treaty Organization blei offisielt oppløyst 11. april etter at Lostisland trakk sitt medlemskap. Hendinga fann stad etter det som blir skildra som eit særs ufint forsøk frå organisasjonen sin leiar på å gjere IMTO om til ei veneforening for dei han sjølv ville ha med. Då Lostisland sin kapteinregent, Yaroslav Mar, blei klar over hendingane, braut han straks all kontakt med organisasjonen. "there is no place for the Republic of Lostisland in an organization which is lead by a person who starts a dubious ventures in order to smoke us out", seier Mar på Lostisland si regjering si side om saka.

Dette er andre gang IMTO har vore forsøkt oppløyst grunna intrigar bland medlemmane. Første gang var i januar 2012 - eit forsøk som blei avvist av fleirtalet av medlemmane. Organisasjonen har dog aldri klart å hente seg inn att etter denne stormen, og har no opphøyrt å eksistere.

Picture
IMTO - no oppløyst.
 
Den (føreværande) demokratiske republikken Starland har hatt eit par hektiske dagar etter at statsminister Hennar Eksellense D. Elmo har blitt tatt i svindel og bedrag. Starland, som ikkje er framand for uhumskheiter frå sine statspersonar, har sett seg nøydde til å endre heile den offisielle strukturen etter denne traumatiske hendinga, og eksisterer dermed ikkje lenger.

I republikken sin plass finn vi no den ferske staten Sonora, eit absolutt monarki styrt av Kong Titus den første.

Kva framtida bringer med seg er umuleg for Smånytt å spå, spesielt tatt i betraktning at Sonora i skrivande augneblink er ein knapp time inne i si eksistens. Alt redaktøren kan gjere er å ønskje den nyaste mikrostaten i verda lykke til framover.

For dei nyaste oppdateringane, sjå Sonora sin twitterkonto @Sonoragov
Picture
Det var med hjartet i halsen Smånytt-redaktøren fulgte med på kvitrerekka frå Starland/Sonora i dag morges.
Picture
T.v. Starland sitt flagg, no erstatta av flagget t.h. som representerar Sonora.