For få timer siden annonserte Republikken Molossia via sin offisielle Twitter-konto sitt heilt nye rakettprosjekt. Dette fører seg in i ei lang rekke imponerande statsbyggaraktivitetar frå den kanten.

Picture
Annonseringa.
Rakettane blir kalt Kraken, og gjer Molossia ein forsterka makt i framtida både til lands og til vanns.
Picture
Kraken.
Smånytt går ut i frå namnet er henta frå sjømonsteret Kraken frå norrøn mytologi.Stemmer det bør alle som angrip Molossia vere på vakt.
Picture
Den opprinnelege Kraken sett ein høg standard for angrep av skip.
 
Etter at lovnadane i 2008 om at Fagernes skole skulle kunne få bli, blei Lucky Næroset sitt livsmål oppfylt. Mikrostaten i Hedmark i Noreg har siden den gang hatt eit roleg liv og hatt høve til å til fulle nyte både skulen, bygda og staten, noko også Smånytt tidlegare har skildra.
Picture
Opningsbiletet til den nye dokumentarfilmen om Lucky Næroset
Dette endra seg plutselig i midten av september 2012, då rådmannen annonserte at nedlegging atter var eit tema. Lucky Næroset vakna til utfordrtinga, og igangsatte store aksjonar, der inkludert manifestasjonar, demonstrasjonar og ein dokumentarfilm om bygda.

Det er dermed all grunn til glede når det viser seg at aksjonane har fungert - i alle fall for ei tid.  11. oktober blei det annonsert at skulen ikkje skal bli lagt ned ved kommande budsjettutforming, og Lucky Næroset har dermed fått fred til i alle fall neste budsjetthandsaming.
 
Picture
Etter ein roleg periode er framtida atter usikker for Fagernes skole - skulen som vart årsaken til at Lucky Næroset blei skapt den 28. november klokka 14.14 i 1999. Hamar Arbeiderblad rapporterer om atter nye trugsmål om å leggje ned skulen. Dette har, som venta, ikkje gjort luckynærosianarane glade. Storstilte, landsomfattande aksjonar har blitt skipa for å redde skulen, som no blir omtala som bygdeskulen som representerar nedleggingstrua bygdeskuler landet over. Laurdag 6. oktober møtte fleire hundre stykker opp til demonstrasjon for å redde skulen og organiserte seg i ein handheldt BegeistRing og viste ingen teikn til at dette skal bli det siste vi høyrer frå den kanten. Smånytt ønsker lukke til videre!

 
Picture
Flatland
Flatland rapporterer via sin twitterkonto 19. september at dei suksessfullt har landa på ein av månene rundt Kerbal. Suksessen bringer enorme mulegheiter med seg, og staten har allereie begynt å planlegge vidare ekspansjon i rommet.

Picture
Spennande rapportar frå Flatland.
 
Picture
Den lukkelege meldinga, frå @SealandGov
Den andre september 2012 var ein stor dag for mange. Både mikrostatsinteresserte, Fyrstedømmet Sealand og ikkje minst Fyrstinne Joan hadde alle grunn til å vere litt ekstra nøgde akkurat då.

Den dagen var nemlig det dobbelte jubileet for både Fyrstedømmet og Fyrstinna, og meldinga blei annonsert via staten sin offisielle Twitter-konto @SealandGov med stor bravur.

Picture
Fyrstinna, her frå mynttrykket av 1977.
Staten, som er blant dei aller største i mikrostatsverda, plasserar seg dermed trygt i hobbymikropatrologane si liste over dei største, eldste og mest allment aksepterte av eksempla av arten.  Alle med interesse for feltet vil via dette dobbeltjubileet, kunne følge den imponerande utviklinga til noko som lenge berre virka som ein draum.

Smånytt ønsker begge det aller beste for framtida, og ser fram til at staten kjem seg nok etter festen til å fortelje om hendinga på si offisielle nettside.

I mellomtida kan den intresserte lesar kose seg med ein artikkel om staten.
 
Picture
Våpenskjoldet til den kongelege familien Elphberg
Framandlegionen har oppnådd nær mytisk status som ein plass for ein ny start for menneske med eit ønske om å brenne bruer og begynne på nytt. Ei ulempe med å velje ei slik løysing kan vere varmen i dei områda dei opererer i, samt at det ofte kan bli heitt om øyrane for soldatar.

No finnest det ei tilsvarande løysing for dei med preferansar meir i retning temperert klima og fred. Kongeriket Ruritania opnar nemleg for søknadar om statsborgarskap med ingen spørsmål stilte og inga begrensingar. Annonseringa blei gjort per Twitter i dag, og har allereie vakt stor merksemd på nett.

Ta kontakt på [email protected] om du er interessert.
Picture
Skjermbilete av Twitter-annonseringa til kongen av Ruritania
 
Lostisland og Juclandia publiserte 7. juni gjensidige anerkjenningsavtaler der dei erklærar aksept for den andre sin status som ein stat og som ein følgje av dette opprettar diplomatiske forbindelser med kvarandre.

Smånytt ønsker dei hell og lukke framover, og ser seg godt nøgd med ei styrking av samarbeidet mikrnasjonar imellom etter i overkant mange
diplomatiske vanskar i dei større mikrostatsorganisasjonane den seinare tida.
Picture
Twitter-annonseringa av avtalen
 
Picture
Riksvåpenet til Fyrstedømet Lichtenberg
I dag blei det gjord kjent via fyrstedømet sine Twitter- og Facebook-kontoer at fyrst Maximillian den første som ein av få mikrostatsmonarkar har tatt standpunkt i diskusjonen om homofili og anerkjend likekjønna ekteskap i Lichtenberg. Fyrsten har på denne måten blitt eit eksempel til etterfølging for andre mikrostatsleiarar og Smånytt kryssar fingrane for fleire nyhende av denne typen framover.

For å markere hendinga og promotere homofile sine rettar, har fyrstedømet iverksett produksjon av eit ikon med Sankt Sergius og Sankt Bacchus, som det kan kjøpes opptrykk av HER.
Picture
Sankt Sergius og Sankt Bacchus
 
Picture
Våpenskjoldet til Imperial Commenwealth
At Inter-Micronational Treaty Organisation skulle falle saman sist veke kom ikkje berre som ei overrasking, men òg som ei kjelde til uro for mange. Korleis skal mikrostatssamarbeidet kunne fungere, når dei samlande organisasjonane blir oppløyste?

At Smånytt i dag kan bringe informasjon om at også League of Countries opplev dramatikk i medlemsmassa, bidreg ikkje til å roe nervane. Organisasjonen blir anklaga for å vere leia av barslege, useriøse nasjonar - handdukkestatar uten framtidsutsikter - av Imperial Commonwealth. Denne kraftsalva bunnar i påstått sensur av tsaren frå organisasjonen si side, ei handling ikkje tatt godt imot av den sensurerte.

Ordvekslinga går føre seg i fleire fora, og stemninga er særs spent. Smånytt kryssar fingrane for at denne diplomatiske krisa blir løyst på ein fredfyllt måte så rskt som muleg.

For fleire detaljar, kan lesaren sjå Imperial Commonwealth sin Twitter-konto - eit utsnitt er gjengjett under - eller diskusjonssida til OAMicro Forum.

Picture
CommiCzar - altså Imperial Commonwealth - sparar ikkje på kruttet i demonstrasjonen av sin avsky.
 
Etter Lostisland si dramatiske utmelding av handelsunionen Inter-Micronational Treaty Organisation har det herska stor spenning rundt spørsmålet om korleis det ville gå med dei. Midt i stormauget er det mykje som kan hende ein liten stat. Heldigvis for Lostisland ser dei ut til å gå styrka ut av konflikta som førte til IMTO si nedlegging - dei seinare dagane har dei inngått venskaps- og samarbeidsavtalar med tre nye mikrostatar. Desse er Flandrensis, Pristinia og nå den nylegaste nemlig Indokistan.

Smånytt pustar letta ut, ønsker lykke til på ferda til alle dei involverte og ventar spent på kva som skal erstatte IMTO.
Picture
Lostisland sitt flagg.