Picture
Yaroslav Mar - stormens auge.
Den internasjonale mikrostatshandelsorganisasjonen Inter-Micronational Treaty Organization blei offisielt oppløyst 11. april etter at Lostisland trakk sitt medlemskap. Hendinga fann stad etter det som blir skildra som eit særs ufint forsøk frå organisasjonen sin leiar på å gjere IMTO om til ei veneforening for dei han sjølv ville ha med. Då Lostisland sin kapteinregent, Yaroslav Mar, blei klar over hendingane, braut han straks all kontakt med organisasjonen. "there is no place for the Republic of Lostisland in an organization which is lead by a person who starts a dubious ventures in order to smoke us out", seier Mar på Lostisland si regjering si side om saka.

Dette er andre gang IMTO har vore forsøkt oppløyst grunna intrigar bland medlemmane. Første gang var i januar 2012 - eit forsøk som blei avvist av fleirtalet av medlemmane. Organisasjonen har dog aldri klart å hente seg inn att etter denne stormen, og har no opphøyrt å eksistere.

Picture
IMTO - no oppløyst.
 
Den (føreværande) demokratiske republikken Starland har hatt eit par hektiske dagar etter at statsminister Hennar Eksellense D. Elmo har blitt tatt i svindel og bedrag. Starland, som ikkje er framand for uhumskheiter frå sine statspersonar, har sett seg nøydde til å endre heile den offisielle strukturen etter denne traumatiske hendinga, og eksisterer dermed ikkje lenger.

I republikken sin plass finn vi no den ferske staten Sonora, eit absolutt monarki styrt av Kong Titus den første.

Kva framtida bringer med seg er umuleg for Smånytt å spå, spesielt tatt i betraktning at Sonora i skrivande augneblink er ein knapp time inne i si eksistens. Alt redaktøren kan gjere er å ønskje den nyaste mikrostaten i verda lykke til framover.

For dei nyaste oppdateringane, sjå Sonora sin twitterkonto @Sonoragov
Picture
Det var med hjartet i halsen Smånytt-redaktøren fulgte med på kvitrerekka frå Starland/Sonora i dag morges.
Picture
T.v. Starland sitt flagg, no erstatta av flagget t.h. som representerar Sonora.
 
14. - 15. juli 2012 går den andre internasjonale mikrostatskonferansen PoliNation av stabelen i London. Stadig fleire mikrostatsleiarar stadfestar si tilstedeværing etter kvart som arrangementet kjem nærare.

I tillegg til presentasjonar av den einskilde stat vil det bli vist filmar samt haldast eit symposium med føredrag om korleis forholde seg til andre statar, dei rettslege grunnlaga for mikrostatsbygging samt korleis handsame eit skeptisk publikum.

Kongen av Jirmania er den siste til å stadfeste si deltaking, og er open for kaféturar med folket i perioden 11. - 16. juli. Interesserte kan kvitre majesteten på @jirmania.
Picture
Hans majestet kongen av Jirmania med hoff på ekspedisjon i 2007.
 
Scotia Terra Nova, eller Nye Skottland, søker ny kansler med tiltreding snarast. Hennar eineveldege  majestet dronning  Mary Elizabeth I Kristina Marie Antoinette (Du Mar-)Gomeric gjekk ut i dag og annonserte eit behov for ein røynd medhjelpar til å styre landet. 

Søkaren må vere registrert statsborgar, vel versert i renesansse- og moderne lov samt med propangandaerfaring. Løn etter avtale med hennar majestet.

Alle interesserte bes snarast om å sende søknad via twitter til @GovtofNS, den offisielle Facebook-gruppa her eller per epost på [email protected].
Picture
Hennar majestet Mary Elizabeth I Kristina Marie Antoinette (Du Mar-)Gomeric med sin far.
 
I går blei det kjend at  kongen av Tonga, Siaosi Tāufaʻāhau Manumataongo Tukuʻaho Tupou V kjend utanfor landet som George Tupou V, døydde på eit sjukehus i Hong Kong med sin bror, kronprins Tupouto'a Lavaka ved si side. Mikrostatsleiarar verda over sørgjer over tapet av kongen NRK skildrar som han som brakte demokratiet til landet. Kongen, som blei 63 år, har sitte siden 2006 etter å ha tatt over etter sin far kong Tāufaʻāhau Tupou IV - kjent for lesarar av Smånytt frå artikkelen om Minerva. I 2008 vart han ein nøkkelperson i innføringa av demokratiet etter voldsame opptøyer i landet.

BBC meldar om stor sorg i den tonganske befolkninga, vist gjennom tradisjonelle stråmatter bunde rundt livet hos dei sivile, og svart klesdrakt for alle offentleg tilsette. Kongen, den siste av dei polynesiske føydalkongane, etterfølgjast av sin bror. Smånytt ønsker lykke til for framtida.
Picture
George Tupou V blir krona